(NPK): 7. juli fekk 9598 søkjarar melding med tilbod om skuleplass i vidaregåande for neste skuleår.
Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på nettsidene sine. Fristen for å svare på tilbodet om skuleplass er 14. juli.
I år er det fleire søkjarar som står heilt utan tilbod, enn i fjor.
– Vi vil passe på at alle søkjarar med ungdomsrett får plass til skulestart. Andre søkjarar får ikkje tilbod før alle med ungdomsrett har fått ein skuleplass, seier Maria Enstad, seksjonsleiar for inntak.
Mange av dei som står på venteliste vil kome inn ved andreinntaket i august, seier seksjonsleiaren.
Etter førsteinntaket er det totalt 197 søkjarar på alle trinna som står heilt utan tilbod. Dette er 67 fleire enn i fjor. Av desse har 102 elevar søkt på vidaregåande trinn 1.
Andreinntaket blir gjennomført rundt 28. juli med svarfrist 31. juli.
Ungdomsrett er for elevar som har fullført grunnskule eller tilsvarande fram til ut skuleåret dei fyller 24 år.
(©NPK)
Publisert: 07.07.2025 17:21
Sist oppdatert: 07.07.2025 17:21





