Kort fortalt

Elkjøp kuttar og stengjer butikkar

Ingen endringar på Sunnmøre.

12.01.2023

(NPK-NTB-NETT.NO): Elektronikkjeda Elkjøp skal redusere personalkostnadene med omtrent 12 prosent, og nokre butikkar skal avviklast.

Det er førebels for tidleg å seie noko om kor mange årsverk dette gjeld, eller kva butikkar som blir stengde, skriv E24.

– Det er ei krevjande tid for varehandelen med ein ekstrem situasjon på pris og margin, seier administrerande direktør Linda Frid Andresen i Elkjøp til E24.

Det er likevel klart at det ikkje blir noko endringar for dei fire butikkane på Sunnmøre. HG Handel på Hareid driver butikkene i Ålesund, Ulsteinvik og Volda, samt i Molde. Dagleg leiar Ingar Teigene sier til Sunnmørsposten at ingen av deira tilsette skal vere uroa for nedleggingar , eller oppseiingar.

Elektronikkjeda har også ein butikk på Nordfjordeid på Nordvestlandet. Her er Førde-selskapet Mimar Holding største eigar.

I 2022 vart det gjort fleire tiltak for å redusere kostnadene og effektivisere drifta i kjeda, men dette har ikkje vore nok.

Konsernet Elkjøp har totalt rundt 11.000 medarbeidarar i Norden. Ifølgje eigne nettsider har selskapet 4.000 medarbeidarar og rundt 150 butikkar i Noreg.

Publisert: 12.01.2023 17:53

Sist oppdatert: 12.01.2023 19:31

Mer om