Emineo-selskap konkurs
Byggfirma velta etter 12 millionar i underskott.
Sunnmøre tingrett har opna konkurs i eitt av dei ni selskapa i Emineo-gruppa, Emineo AS, ifølgje Sunnmørsposten.
– I korte trekk så skuldast konkursen at vi underkalkulerte tre prosjekt. Vi voks for fort, mista kontroll og tapte tolv millionar kroner på tre prosjekt, forklarer seier Stian Volstad, som er medeigar og dagleg leiar i Emineo-gruppa, til avisa.
Søvika-selskapet hadde ei omsetning på 78 millionar i fjor, men drifta gjekk 12 millionar i underskott som følgje av tapsprosjekta.
Konkursen gir ikkje konsekvensar for dei andre selskapa i Emineo Group, som oppstod som følgje av ein fusjon med Vikestrand og Søvik AS, Trend Bygg AS og Emineo AS i 2017. Kjetil Kvammen er bustyrar i konkursen etter Emineo AS og første skiftesamling er 23. november.
Publisert: 13.10.2020 14:51
Sist oppdatert: 10.01.2023 09:50