Kort fortalt

Får meir sosiale babyar av fisk

Det viser ny forsking.

NPK
30.04.2021

Barna til gravide som fekk delt ut fisk to gonger i veka i svangerskapet, utvikla seg betre, både sosialt og følelsesmessig, samanlikna med barna til mødrer som ikkje fekk fisk.

Det går fram av ein artikkel frå forskingsinstituttet Norce.

– Det er små forskjellar, men vi ser at det er ein forskjell som kan tyde på at barna til mødrene som fekk meir fisk i graviditeten utvikla seg betre sosioemosjonelt, det vil seie den sosiale og kjenslemessige utviklinga til barnet, seier forskar og psykolog Ingrid Kvestad ved RKBU Vest – regionalt kompetansesenter for barn og unge, som er ein del av NORCE, i artikkelen.

Resultata er ein del av den store studien «Mammas mat» der totalt 137 gravide har vore med. Ei gruppe fekk delt ut torsk til middag to gonger i veka i 16 veker i svangerskapet, medan den andre gruppa, også kalla kontrollgruppa, følgde det vanlege kosthaldet sitt.

Publisert: 30.04.2021 11:17

Sist oppdatert: 30.04.2021 11:22