Kort fortalt

Endrar innreisereglar

Strengare innreisereglar frå Island og Sjælland.

NPK
29.10.2021

Frå natt til måndag innfører regjeringa krav om innreisekarantene ved innreise frå Grønland, Island, Liechtenstein, Sveits, Tsjekkia og Sjælland i Danmark.

Helse- og omsorgsdepartementet opplyser at innreisekarantene gjeld berre for reisande frå raude, mørkeraude, lilla og grå land som ikkje har eit gyldig, verifiserbart koronasertifikat.

Dette går fram av endringane regjeringa har gjort i innreisereglane for land og område.

Følgjande land i Europa held fram med å vere raude eller mørkeraude og har krav om innreisekarantene:

Belgia, Hellas, Kypros, Luxembourg, Nederland, Polen, Tyskland, Ungarn og Austerrike er raude, medan dei mørkeraude landa er Bulgaria (endra frå raud), Estland, Irland (endra frå raud), Kroatia (endra frå raud), Latvia, Litauen, Romania, Slovakia (endra frå raud), Slovenia og Storbritannia

I Norden er det innreisekarantene ved innreise frå regionane Norrbotten, Stockholm og Västmanland.

I Danmark gjeld dette Sjælland og Hovedstaden (inkludert København), medan det i Finland framleis er innreisekarantene i regionane Birkalands, Egentliga Finlands, Helsingfors och Nylands, Mellersta Finlands, Mellersta Österbottens, Norra Savolax, Norra Österbottens, Päijat-Häme og Syd-Österbottens.

Barn og unge under 18 år er fritekne frå innreisekarantene uavhengig av kvar dei kjem reisande frå.

Publisert: 29.10.2021 15:18

Sist oppdatert: 29.10.2021 15:19

Mer om