Kort fortalt

Endå eit gratis ferjesamband

Gjeld også Brattvåg-Fjørtofta-Harøya.

27.06.2022

Fylkesutvalet vedtok måndag at også sambandet Brattvåg-Fjørtofta-Harøya skal bli gratis frå 1. juli.

Dermed blir til saman åtte ferjesamband i Møre og Romsdal gratis frå førstkomande fredag. Dei åtte sambanda er:

  • Arasvika-Hennset
  • Molde-Sekken
  • Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona
  • Festøya-Hundeidvika
  • Sæbø-Leknes
  • Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store Kalvøy
  • Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya (PS: Reiser mellom Åram og Larsnes vil ikkje vere gratis)
  • Brattvåg-Dryna-Fjørtofta-Harøya (PS: Reiser til og frå Dryna vil ikkje vere gratis)

Publisert: 27.06.2022 14:45

Sist oppdatert: 27.06.2022 14:46

Mer om