Engros-konkurs i Ulstein
Inntektene stupte i fjor.
Engros-selskapet Sterck As er konkurs etter å ha meldt oppbod til Møre og Romsdal tingrett.
Selskapet har ei gjeld på drygt ein halv millionar, og verdiane er anslått til kring 5000 kroner. Verksemda er innstilt og har ikkje tilsette.
Firmaet som har drive engroshandel med maskinar og utstyr til jordbruk og skogbruk og blei starta i 2015.
I 2021 omsette selskapet for sju millionar kroner og gjekk med overskot. I fjor stupte inntektene til kring det halve. 2022 enda i minus og eigenkapitalen var tapt ved utløpet av året.
I årsrekneskapen skreiv selskapet at det blei jobba med å sikre likviditeten og auke innteninga, samtidig som det skulle bli tilført kapital i 2023.
Bustyrar er Linda Brevik og første skiftesamling skal skje 22. januar neste år.
Publisert: 03.12.2023 23:31
Sist oppdatert: 03.12.2023 23:31