NPK: Frå 9. mai vil Mattilsynet effektivisere sjømateksporten, det vil bli raskare og enklare å eksportere til land utanfor EØS-området.
Mattilsynet har sett i verk tiltak for å effektivisere sjømateksporten og har no tilpassa sertifikatrutinane som er naudsynte for å kunne eksportere, skriv Mattilsynet på nettsidene sine.
– Ordninga i dag er ikkje tilpassa eksporten og gir mykje dobbeltbehandling. Derfor endrar vi rutinane, seier direktøren for fisk og sjømat i Mattilsynet, Elisabeth Wilmann, i ei pressemelding.
Mattilsynet har arbeidd med fleire løysingar som skal gi effekt på kort og lang sikt, der sjømaten er først ut som pilotprosjekt. Målet i første omgang er at dei fleste sertifikata berre skal ha eitt trinn i behandlingsprosessen, men dei vil på lang sikt utarbeide ei automatisert sertifiseringsløysing.

Publisert: 26.04.2019 13:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35