NPK-NTB: Kunstivalen Go With the Flø har jubileum til sommaren og lèt kunst av Brian Eno krydre hendinga. Arrangørane håper kunstnaren sjølv legg turen innom.
Til sommaren kan kunstivalen i havgapet på sunnmørskysten, Go With the Flø, feire 10-års jubileum. Allereie i mai går avsparket for feiringa med opninga av ei utstilling der lydverk og grafiske verk, signert Brian Eno, blir stilt ut hos Studio Hugo Opdal.
Gallerist Opdal seier via ei pressemelding at han har vore fan av Eno sidan tenåringstida, og no håpar han Eno sjølv kjem.
– Eg kjøpte Brian Eno-plater som tenåring og han har produsert nokre av favorittbanda mine i oppveksten, både U2, David Bowie og Talking Heads – og ikkje minst dei litt yngre Coldplay, seier Opdal.
Brian Eno har også i høgaste grad prega musikkhistoria med eigne, banebrytande utgjevingar sidan han starta Roxy Music saman med Bryan Ferry på 70-talet.
Som kunstnar har han stått bak videoar, bøker og installasjonar. Mest kjent er verket «77 Million Paintings».
Go With the Flø rommar både kunstfestival og bygdedagar og blir arrangert på Flø i Ulstein kommune av nemnde Opdal og bygdefolket sjølv.

Publisert: 04.12.2018 14:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36