Kort fortalt

Enormt kurshopp for offshoreselskap

Christen Sveaas med milliardgevinst på to dsagar.

14.08.2018
Det Christen Sveaas-kontrollerte offshorereiarlaget Viking Supply Ships opplyste fredag at selskapet hadde seld dei isbrytande ankerhandteringsfartøyaT or Viking, Balder Viking og Vidar Viking til Canada.
Gevinsten for sala tilsvara 2,3 milliardar kroner, noko som har ført til at aksjekursen har gått rett til vêrs på Stockholm-børsen.
Ifølgje steig aksjen 469 prosent etter nyheita, og førte til at Christen Sveaas på papiret vart 973 millionar kroner rikare.
Men aksjen stig vidare tysdag, og gevinsten for Sveaas er no på 1,1 milliardar.
Adm. dir. i Viking Supply Ships er sunnmøringen Trond Myklebust.

Publisert: 14.08.2018 12:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38