NPK: 1.700 hurtigladarar langs vegen er ikkje nok. Ei undersøking viser nemleg at dei fleste elbilistane har opplevd kø eller problem med hurtigladarar. Derfor vil styresmaktene bygga fleire ladestasjonar.
– For første gong satsar Enova på å gi støtte til å byggja lynladarar langs vegnettet i distrikta. Me startar med støtte til bygging av lynladarar i Finnmark og Nord-Troms, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova til .
Ein hurtigladar gir ein effekt på 50 kW eller meir, medan lynladarar har minimum 150 kW og er sju gonger raskare.
Enova lyser no ut ein konkurranse om utbygging av ladeinfrastruktur for elbil. Første runde av konkurransen tar for seg Finnmark og Nord-Troms. Her vil statsføretaket leggja til rette for at det skal byggjast 17 lynladarar og 35 hurtigladarar, skriv avisa.
Norsk elbilforening meiner det trengst minst 8.000 nye hurtigladarar innan 2025.

Publisert: 30.04.2019 14:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35