Kort fortalt

Equinor med plan om å bli grøn

NPK
19.04.2022

(NPK): Equinor har no laga sin første energiomstillingsplan, som skal vise korleis selskapet skal nå målet om netto nullutslepp av klimagassar for 2050. No skal eigarane seie meininga si på generalforsamlinga i mai.

– Dette er den første energiomstillingsplanen vi har i Equinor. Den skal opp til ei rådgivande avstemming på generalforsamlinga 11. mai, seier konserndirektør Jannicke Nilsson i Equinor til E24.

Ho fortel at planen er meir konkret enn tidlegare på kva selskapet vil gjere i 2030 og 2035 for å vere i rute til målet om netto nullutslepp i 2050.

– Planen er at vi skal gi ei årleg statusoppdatering på energiomstillingsplanen, kva som går saktare eller raskare enn vi trudde, og kva for nye tiltak som har vore nødvendige å setje i verk. Så skal heile planen bli oppdatert kvart tredje år, seier Nilsson.

Equinor skal halde fram med å produsere olje og gass, men redusere utsleppa frå produksjonen, halde fram med å byggje ut fornybar energi gjennom konkrete prosjekt, og ha konkrete ambisjonar på lågkarbon, med klyngjer innan hydrogen og CO₂-lagring, fortel Nilsson.

(©NPK)

Publisert: 19.04.2022 17:07

Sist oppdatert: 19.04.2022 17:08

Mer om