NPK-NTB: Trass i ein sterkt kritisk president, reknar Equinor med å få alle nødvendige godkjenningar til å bygge vindkraft for 500.000 husstandar i New York.
Eit stort anlegg med 60 til 80 vindturbinar i havet utanfor innseglinga til New York skal gi straum til ein halv million hushald i New York. Norske Equinor reknar med at heile prosjektet kalla «Emipre Wind» skal stå klart i 2024 og vil få ein prislapp på 27 milliardar kroner, skriv Aftenposten.
President Donald Trump har på si side vore tydeleg på at han er motstandar av vindkraft. Nyleg sa han at hus nærare enn tre kilometer frå ei vindmølle praktisk talt er verdilause, og i april sa han om vindturbinar at «dei seier lyden forårsakar kreft». Eit anna vindkraftprosjekt utanfor kysten av Massachusetts har vorte kraftig forseinka på grunn av nye krav om utgreiingar av miljøkonsekvens. Equinors søknad skal behandlast av Bureau of Ocean Energy Management som ligg under USAs innanriksdepartement. Dette departementet blir styrt av tidlegare oljelobbyist David Bernhardt, skriv avisa.
– Fornybar energi er noko som blir drive fram av dei enkelte statane, og New York har vore veldig tydeleg på kva dei ønsker å gjere, seier Equinor-sjef Eldar Sætre som er trygg på prosjektet.
Havbotnen som vindturbinane skal stå på, blir leigd av den føderale regjeringa, og kontrakten om levering av straumen er allereie signert.

Publisert: 24.09.2019 08:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32