Kort fortalt

Ervik deler eigarselskap

Selskapet som eig Ervik Havfiske Holding delt.

27.01.2020

Delinga er registrert i Brønnøysundregisteret og er ein del av førebuinga til generasjonskiftet i Ervikkonsernet på Stadlandet, som NETT NO har skrive fleire artiklar om.

Les også: Generasjonsskifte og hotellopning for Ervik

Tremenningane Stig og Kjell Magne Ervik eig konsernselskapet Ervik Havfiske Holding 50/50 gjennom sitt felleseigde selskap Kms Ervik as. Kms Ervik blir no delt i to nye selskap, med Stig som eigar av det eine og Kjell Magne av det andre. Kvart selskap vil eige halvparten av aksjane i Ervik Havfiske Holding.

Stig Ervik har fire barn, Kjell Magne tre. Etter delinga kan dei gjennomføre generasjonsskiftet i kvart sitt selskap som dei sjølv finn best.

Publisert: 27.01.2020 22:44

Sist oppdatert: 28.06.2021 23:30