Kort fortalt

Et mykje laks, men for lite fisk

Ligg under kosthaldsråda.

Marius Rosbach
14.09.2022

(NPK): Nordmenn og svenskar et mest laks i heile verda, men me ligg under kosthaldsrådet for fisk og sjømat totalt. På den statistikken blir me slått ned i støvlane av portugisarar og spanjolar.

I snitt et nordmenn 5,63 kilo laks kvar i året, medan svenskane får i seg 5,44 kilo, skriv Noregs sjømatråd på nettsidene sine. Også finnane et mykje laks, dei ligg på tredjeplass på statistikken med 5,16 kilo per person i året. Utrekningane er basert på rundvekt (heil fisk) og handelstal frå 2021.

Men totalinntaket av fisk og skaldyr er ikkje like bra. Rådet frå helsestyresmaktene i dei fleste land er å ete fisk minst to gonger i veka. I Noreg er tilrådinga fisk til middag 2–3 gonger i veka, og i tillegg fisk som pålegg.

Ei fersk undersøking som Ipsos har utført for Sjømatrådet, viser at portugisarar og spanjolar er dei som er flinkast til å følgje kosthaldsråda. Nordmenn ligg litt under gjennomsnittet, og svenskane er blant dei som et fisk sjeldnast.

Det er likevel ikkje sikkert denne undersøkinga gir eit rett bilete. Det er berre undersøkt kor ofte innbyggjarane i ulike land et fisk, ikkje kor mykje dei et. FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) har derimot estimert mengda fisk og skaldyr innbyggjarane et, og på den statistikken ligg nordmenn eller svenskar ikkje så dårleg an i forhold til andre land.

Tom Jørgen Gangsø, som er direktør for marknadsinnsikt og marknadstilgang i Noregs sjømatråd, trur forskjellar i kultur og etemønster er viktige årsaker til dei ulike resultata i dei to undersøkingane.

– Spanjolane et gjerne fleire smårettar der mengda sjømat ikkje er så stor, som for eksempel tapas. Vi nordmenn et sjømat sjeldnare, men i større mengder slik som fiskefiletar på 150–200 gram, seier han.

(©NPK)

Publisert: 14.09.2022 10:33

Sist oppdatert: 14.09.2022 10:35

Mer om