NPK: Seks båtar Kystvakta tok for dumping av torsk i vinter, er melde til politiet. To er i tillegg under etterforsking.
– Desse vil også bli politimeld så snart me har avslutta arbeidet med sakene, seier Erling Øksenvåg, seksjonssjef for ressurskontroll ved Kystvakta på Sortland, til .
I april melde Kystvakta at dei under kontroll av fisket utanfor Lofoten og Vesterålen, hadde avslørt fem båtar som dreiv med systematisk utkasting av fisk. Den ulovlege verksemda var dokumentert på film. Øksenvåg seier sakene handlar om reell dumping og ikkje uhell og samantreff, slik somme har antyda.
– Me har registrert dei fleste tenkelege forklaringar på det som har skjedd, og me må sjølvsagt gjere oss opp ei meining av kor truverdig det er at slike ting heilt tilfeldig føregår akkurat når Kystvakta er på plass med båt eller fly, seier Øksenvåg.
Fiskeribladet har vore i kontakt med nokre av dei fiskarane. Dei som er melde til politiet, vil ikkje kommentere saka i avisa.

Publisert: 02.05.2018 15:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39