Kort fortalt

Etterlyser klarare reglar for fritidsbåt-utleige

Kvar fjerde dødsulukke er turistar.

16.05.2019
NPK: Rapporten frå Havarikommisjonen som tar for seg ulukker med fritidsbåtar i 2018, viser at turistar er involverte i kvar fjerde dødsulukke.
Seksjonsleiar for fagområdet drukning i Redningsselskapet, Tanja Kragnes, trur mange av dei som kjem til Noreg for å leige båt, har lite kompetanse på å føre båt i norske farvatn.
– Det er stor forskjell på å føre båt langs den vêrharde norskekysten og i meir lukka farvatn andre stader, seier ho til .
Det blir stilt ei rekkje reglar for utleige av fritidsbåtar i Noreg, men Havarikommisjonen spør likevel i sin rapport om reglane i dag er nok. Kragnes i Redningsselskapet er også einig om at ein bør sjå vidare på regelverket.
– Styremaktene bør først sjå til at reglane blir følgde, men bør også vurdere om reglane skal bli meir spesifisert. Spesielt med tanke på varsling og sporing av båtar, forklarar ho til NRK.
Dei siste ti åra har kvar sjette dødsulukke i fritidsbåt vore ein turist.

Publisert: 16.05.2019 11:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34