Kort fortalt

Etterlyser miljøoppfølging for kystruta

Regjeringa skulda for trenering.

11.09.2019
NPK: For snart to år sidan vedtok Stortinget å innføra strengare miljøkrav for kystruta. Men framleis er den såkalla miljøbonusordninga ikkje sett ut i livet. SV-representant skuldar regjeringa for trenering.
– Eg meiner det i denne saka luktar trenering lang veg. Det nærmar seg no to år sidan stortingsvedtaket om ei miljøbonusordning, og ingen synlege ting har skjedd, seier stortingsrepresentant Arne Nævra (SV) til
Tanken med miljøbonusordninga er at reiarlag kan få kompensasjon viss dei slepper ut mindre CO2 enn det som allereie er vedtekne miljøkrav i kontraktane deira. I dei nye kontraktane til reiarlaga er det allereie lagt inn krav om 25 prosent CO2-reduksjon. Kontraktane krev også at skipa skal bruka landstraum der det er mogleg og at skipa ikkje skal gå på tungolje. Etter forslag frå Senterpartiet og KrF blei desse krava skjerpa i 2017.
Det er oppfølging av dette vedtaket Nævra etterlyser. Han tok også opp saka i spørjetimen i desember i fjor. No meiner han det hastar med å få koma vidare.
– Vi har no ein gyllen moglegheit til å sitja i førarsetet for nullutsleppsteknologi og det grøne skiftet innan maritim industri. Den må vi gripa, ikkje minst ved å setja krav og samtidig stimulera med dei hjelpemidla staten rår over, seier han.
Frå 1. januar 2021 skal både Hurtigruten og Havila Kystruten segla kystruta mellom Bergen og Kirkenes.

Publisert: 11.09.2019 10:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32