Kort fortalt

Etterlyser nytt pliktsystem for trålarar

Stortinget er utolmodig.

16.05.2018
NPK-NTB: Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) kan ikkje seie når det kjem ei ny stortingsmelding frå regjeringa om det omstridde pliktsystemet for trålfisket.
I Stortingets spørjetime onsdag etterlyste fleire politikarar ei ny melding etter at Sandberg i juni i fjor oppsiktsvekkjande valde å trekkje pliktmeldinga då det var klart at hans forslag til løysing ikkje ville få fleirtal i Stortinget.
Sidan har regjeringa vore taus i saka.
– Har regjeringa skifta meining, ville Aps fiskeripolitiske talsperson Cecilie Myrseth vite.
Sandbergs svar var at han har gjort sonderingar med fleire andre parti for å sjå om det har vore bevegelse.
– Det har det ikkje vore. Det er vanskeleg å legge fram forslag for Stortinget når eg ikkje har fått noko signal, seier han, men antydar samtidig at spørsmålet om trålplikter kan bli ein del av stortingsmeldinga om nytt kvotesystem.
I stortingsmeldinga som vart trekt, gjekk Sandberg inn for å avvikle den meir enn 40 år gamle ordninga som skulle sikre råstoff til nordnorsk fiskeindustri. Forslaget skapte sterke reaksjonar langs kysten, der mange hevda at det ville vere å påskjøne trålreiarane for ikkje å halde plikta til å levere fisk til norske fiskemottak.
Få parti er fornøgd med korleis pliktsystemet fungerer i dag.
– Systemet er ein kontinuerleg skandale og verkar ikkje etter hensikta, seier SVs Torgeir Knag Fylkesnes, som hevdar at berre 10 prosent av fisken blir levert til mottaka.

Publisert: 16.05.2018 14:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39