Kort fortalt

Etterlyser unge fiskarar

Oppfordrar ungdom til å ta sommarjobb som fiskar.

11.05.2018
NPK: Berre 20 prosent av dei som har fiskar som hovudyrke i Noreg, er under 30 år. No oppfordrar Fiskeridepartementet ungdom mellom 12 og 25 år til å ta sommarjobb som fiskar gjennom ungdomsfiskeordninga.
– Sjømatnæringa er ei viktig framtidsnæring for Noreg, og regjeringa vil styrke rekrutteringa til fiskaryrket. Derfor oppfordrar eg alle ungdommar som er nysgjerrige på fiskaryrket til å ta sommarjobb som fiskar, seier fiskeriminister Per Sandberg i ei pressemelding.
Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år høve til å drive fiske i sommarferien. Dei som ønskjer sommarjobb kan no registrere seg hos Fiskeridirektoratet.
Dei siste åra har vi fått fleire eldre fiskarar, medan trenden er motsett for dei yngre. Målet med ungdomsfiskeordninga er å gi unge ein inngang til fiskaryrket.
Ordninga vil gjelde for heile landet i perioden frå og med 18. juni og til og med 10. august 2018, og famnar om alle fiskeslag som blir fanga i dei vanlege fiskeria langs kysten.

Publisert: 11.05.2018 09:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39