Kort fortalt

EU-støtte til Herøy og Gloppen

Skal gå til offentlege WiFi-soner.

10.12.2018
NPK: Til saman 34 norske kommunar får 15.000 euro kvar frå EU til å dekkja kostnader knytt til utstyr og installasjon av offentlege WiFi-soner.
Støtta skal bidra til gratis internettilgang av høg kvalitet til innbyggjarar og besøkjande i sentrale delar av kommunane som parkar, møteplassar, bibliotek, turistområde og offentlege bygningar, heiter det i ei pressemelding frå
Løyvinga er ein del av arbeidet til EU med å finansiera utbygging av WiFi-soner i minst 6.000-8.000 kommunar i Europa. Fram til 2020 skal EU bruka 120 millionar euro på dette arbeidet.
Det er første potten av denne investeringa som no er delt ut. Til saman får norske kommunar i denne omgangen 510.000 euro eller nesten fem millionar kroner. Resten av potten blir tildelt i bolkar fram til 2020, heiter det.
Desse kommunane har fått støtte:
Arendal, Balestrand, Bodø, Eidfjord, Eidskog, Forsand, Førde, Gjesdal, Gloppen, Grimstad, Hamar, Harstad, Herøy (Møre og Romsdal), Ibestad, Inderøy, Kvinesdal, Lillesand, Lyngdal, Narvik, Nord-Odal, Porsgrunn, Rennesøy, Røyrvik, Selbu, Songdalen, Søgne, Sør-Varanger, Tromsø, Trondheim, Tønsberg, Ulvik, Vågå, Åmot og Årdal.

Publisert: 10.12.2018 14:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36