Kort fortalt

EU-støtte til Volda og Ulstein

Skal byggje offentlege WiFi-soner.

22.05.2019
NPK-NTB: Ytterlegare 20 norske kommunar har fått 15.000 euro kvar frå EU for å bygge ut gratis offentlege WiFi-soner.
EU investerer totalt 120 millionar euro for å bygge ut offentlege WiFi-soner i opptil 8.000 kommunar i Europa gjennom sitt WiFi4EU-program.
Tidlegare har 34 kommunar i Noreg fått midel frå dette programmet, og no har 20 nye kommunar fått pengar. Det gjeld kommunane Asker, Båtsfjord, Eid, Eigersund, Flekkefjord, Gaular, Høyanger, Hurum, Kongsvinger, Lillehammer, Lørenskog, Marker, Meland, Nedre Eiker, Nordreisa, Røyken, Sør-Odal, Storfjord, Ulstein og Volda.
Kvar kommune får 15.000 euro (rundt 146.000 kroner), og totalt utgjer EU-støtta til norske kommunar i denne tildelingsrunden nesten tre millionar kroner.
– Midlane blir delt ut etter førstemann-til-mølla-prinsippet. I løpet av det første minuttet var 98 prosent av dei tilgjengelege midlane fordelt mellom EUs medlemsstatar, Noreg og Island, seier Per Eirik Heimdal, avdelingsdirektør i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) som følgjer opp ordninga i Noreg.
Kommunar som får støtte, må sørge for at installasjonen av Wi-Fi-sonen er fullført innan halvtanna år etter at dei har fått løyvinga.

Publisert: 22.05.2019 14:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34