NPK-NTB: EUs transportkomité vil at yrkessjåførar skal køyre meir med mindre kvile. Norske yrkessjåførar meiner det vil føre til fleire dødsulykker på vegane i Noreg.
– Det er nok trøytte utanlandske sjåførar på norske vegar. Nok norske også. Det er ein grunn til at kviletidsreglane er der. Det var mykje meir ulykker på vegane før dei kom. Vi treng den kvila vi får, seier Hans Erik Strand, langtransportsjåfør for Kristiansen Transport, til Klassekampen.
Han får støtte av Transportarbeiderforbundet, som representerer norske godssjåførar.
– Kort samanfatta er situasjonen ute av kontroll. Eg trur ikkje politikarane i EUs transportkomité forstår konsekvensane av sine eigne forslag, verken på sikkerheit eller arbeidsvilkår, seier Lars Johnsen, leiar i Transportarbeiderforbundet til avisa.
Han håpar norske politikarar set foten ned dersom forslaget går gjennom.
Etter planen skal mobilitetspakka vedtakast i EU-parlamentet 10. september, men EUs transportkomité ønsker å unngå̊ parlamentsbehandling. Om dei får det som dei vil, blir saka avgjort torsdag.
Det har ikkje lykkast Klassekampen å få ein kommentar frå samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen, men så langt har det vore tverrpolitisk semje om å jobbe mot skadelege endringar i transportsektoren.
Raudt, SV, Ap og Sp har opna for å bruke vetoretten.

Publisert: 13.06.2018 08:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38