NPK-NTB: EU vil legge til rette for at medlemslanda kan drive snøkrabbefangst i norsk farvatn, men fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) seier at norske kvotar må til.
EUs forslag banar veg for inntil 20 snøkrabbelisensar som ifølgje Nærings- og fiskeridepartementet strid med norske rettar og ei avgjerd i Høgsterett.
Fiskeri- og sjømatminister Nesvik seier at han er skuffa over forslaget.
– Vi er reie til å ta opp att diskusjonane om snøkrabbe i dei bilaterale forhandlingane. Dette føreset likevel at EU respekterer Noregs suverene rettar på kontinentalsokkelen, seier han.
Ifølgje havretten kan ikkje andre land gi fartøya sine lisensar til fangst av snøkrabbar på norsk kontinentalsokkel utan norsk samtykke. Det vil seie at EU-fartøy treng ein kvote gjennom den bilaterale fiskeriavtalen mellom EU og Noreg.
Partane skal innleie forhandlingar i månadsskiftet november/desember.

Publisert: 31.10.2019 08:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32