NPK: For nokre år sidan var petroleumsfag blant dei mest populære i landet. Ti år seinare kan det sjå ut som at trenden har snudd.
I dag blei lista over ledige studieplassar lagt ut på nettsidene til Samordna opptak. Fleire av petroleumsfaga ved Universitetet i Stavanger (UiS) er på denne lista, melder NRK Rogaland.
Frå i fjor er det ein nedgang i søkjartala til petroleumsfag i Stavanger på 14 prosent.
Leiaren i Natur og Ungdom, Therese Hugstmyr Woie, meiner det er naturleg at søkjartala går ned, men seier at det likevel er mykje verdifull kompetanse i oljebransjen.
– Vi treng dei til å jobbe vidare, det er viktig at vi får meir kompetanse på andre energiformer enn olje og gass, seier ho.
For eit par år sidan endra UiS namnet på petroleumsstudia sine, for å syne fram eit meir fleksibelt studie. Eit døme på dette er «petroleumsteknologi», som no heiter «energi- og petroleumsteknologi».
Publisert: 20.07.2021 11:39
Sist oppdatert: 20.07.2021 11:41