Kort fortalt

Fall i norsk industriproduksjon

Oljeindustrien hadde klar vekst.

08.05.2019
NPK-NTB: Norsk industriproduksjon hadde ein liten nedgang på 0,4 prosent frå fjerde kvartal 2018 til første kvartal 2019, viser sesongjusterte tal.
Petroleumsretta leverandørindustri hadde ein klar vekst, medan annan industri bidrog negativt, melder .
Næringar som metallvareindustrien og bygging av skip og oljeplattformer hadde ein tydeleg oppgang i kvartalet med ein auke på høvesvis 3,4 og 7,7 prosent. Samla hadde den petroleumsretta leverandørindustrien ein klar produksjonsauke på 3,2 prosent.
På den andre sida vart den samla industriproduksjonen trekt ned av lågare produksjon i næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri.
Årsaka til nedgangen kjem av mellom anna driftsstans hos fleire viktige produsentar. I tillegg bidrog òg næringsmiddelindustrien negativt på grunn av låg produksjon innanfor foredling og konservering av fisk.

Publisert: 08.05.2019 11:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35