Kort fortalt

Fall i varekonsumet

Hovedårsaka er svekka bilsal.

29.05.2019
NPK-NTB: Varekonsumet til hushalda fall med 1,2 prosent frå mars til april 2019, viser sesongjusterte tal frå SSB. Forklaringa ligg i at bilsalet gjekk ned.
I dei to månadene før var det sterk vekst i salet av bilar, men i april fall det med 8 prosent. Dette bidrog til å trekke varekonsumet ned med 1,5 prosent, ifølgje (SSB).
Frå mars til april gjekk også bruken av elektrisitet ned 2,8 prosent. Konsumet av mat og drikke auka 0,3 prosent, og for andre varer som klede var auken 0,8 prosent.
– Det må understrekast at det er ei viss usikkerheit knytt til utviklinga i varekonsumet. Dette kjem av at informasjon om netthandel frå utlandet førebels har manglar. Dei første anslaga på utviklinga i varekonsumet baserer seg derfor på utviklinga i innanlandsk detaljomsetning. Dersom netthandelen frå utlandet aukar meir enn handelen i Noreg, vil konsumveksten vere noko undervurdert, melder SSB.

Publisert: 29.05.2019 10:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34