NPK: Forskarar ved Universitetet i Tromsø har funne bakteriar som lever av å ete drivhusgassar.
Bakterien et drivhusgassane metan og karbondioksid direkte frå lufta, fortel forskar Alexander Tøsdal Tveit i ein . Bakterien kan i tillegg leve på fire andre gassar frå luft. Han treng med andre ord berre luft for å overleve og vekse.
Professor Mette Svenning frå Institutt for arktisk og marin biologi fortel at dei fann bakterien på Mandelasletta utanfor Tromsø. Svenning, saman med Tveit, Anne Grethe Hestnes og utanlandske kollegaer, er dei første som har klart å isolere og dyrke ein slik bakterie.
På spørsmål om denne bakterien kan bidra til å redusere klimakrisa, meiner Tveit det blir å forvente for mykje, men det er anslått at dei et cirka 10 millionar tonn metan årleg.

Publisert: 09.04.2019 11:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35