Kort fortalt

Fann lite lodde

Ferdige med kartlegging av barentslodda.

NPK
12.03.2021

Fredag 26. februar byrja loddegytetokta for det sørlege Barentshavet. I to veker har HI-forskarar kartlagt den modne delen av loddebestanden mellom Andøya og Varangerhalvøya.

– Dette er det tredje i rekkja av loddegytetokt. Hovudformålet vårt er å evaluere om overvaking av gyteinnsiget kan forbetre kvoterådgivinga på lodde, seier toktleiar Georg Skaret i ei pressemelding.

Neste år skal det etter planen gjennomførast ein metoderevisjon for barentshavslodde og då skal det vurderast kor eigna loddegytetoktet er som bakgrunn for kvoterådgivinga på barentshavslodde.

I fjor haust målte forskarane relativt små mengder av moden lodde under økosystemtoktet i Barentshavet. Det er denne fisken som no kjem inn for å gyte, og derfor forventa ikkje forskarane eit stort innsig.

– Observasjonane stemmer med dette. Vi har registrert lite lodde. Utrekningane vil vise om det vi måler er innanfor intervallet vi forventar. Frå andre kjelder følgjer vi òg med på om det eventuelt kjem eit innsig seinare, seier Skaret.

Publisert: 12.03.2021 10:05

Sist oppdatert: 12.03.2021 10:06