NPK-NTB: Det er brot i forhandlingane om lønnsoppgjeret for Avinor-tilsette. Oppgjeret går no til mekling, og blir det brot, kan ein streik ramme luftfarten i sommar.
LO Stat braut tysdag forhandlingane med Spekter for medlemmer i Norsk Tjenestemannslag (NTL) i Avinor og Avinor Flysikring. Kjerna i striden har stått om pensjon.
– Vi var i nøyaktig same situasjon for to år sidan. Då var vi villige til å forhandle fram ny pensjonsordning. Det er vi i år også. Men leiinga aksepterer ikkje at vi skal ha ei hand på rattet, og at vi skal ha noko igjen for dei tilsette som kan tape på ny pensjonsordning, seier Lise Olsen, forhandlingsleiar og nestleiar i LO Stat.
Totalt jobbar det 3.200 personar Avinor og Avinor Flysikring. LOs medlemmer har hatt forhandlingsrett på pensjon sidan Avinor vart oppretta i 2003. Meklingsdato er førebels ikkje fastsett.
Avinor er eit heileigd statleg aksjeselskap under Samferdselsdepartementet som har ansvar for dei 45 statlege flyplassane. Tolv flyplassar vert drivne i samarbeid med Forsvaret.
I tillegg driv Avinor gjennom dotterselskapet Avinor Flysikring AS tårnteneste på flyplassar, flygekontrollteneste for trafikken i norsk luftrom og teknisk infrastruktur for flynavigasjon

Publisert: 13.06.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38