NPK-Peder Skjelten: Røktarar i havbruksnæringa har nest størst risiko for å døy på jobben i Noreg. Berre fiskarar har eit farlegare yrke.
Frå 1998 til 2018 mista 167 fiskarar og 18 havbruksarbeidarar livet på jobben, skriv Fiskeribladet.no.
Likevel vurderer tilsette på anlegg og fartøy i havbruksnæringa sikkerheitsklimaet som godt i ei ny undersøking. Belastingsskadar og akutte skadar blir oppgitt som hovudårsaker til arbeidsrelatert fråvær og bekymring.
Tre av fire tilsette oppgir også at dei eller kollegaene har opplevd nestenulykker det siste året.
Publisert: 20.12.2021 10:10
Sist oppdatert: 20.12.2021 10:12