Kort fortalt

Farleg å vere røktar i havbruk

18 havbruksarbeidarar har mista livet på tjue år.

NPK
24.11.2021

Berre fiskarar har større risiko for å miste livet på jobben enn røktarar i havbruksnæringa, viser ei fersk undersøking.

Frå 1998 til 2018 miste 167 fiskarar og 18 havbruksarbeidarar livet på jobben, viser tal som Magasinet for fagorganiserte har presentert. Ifølgje nettstaden Ilaks vart leiarar og stabspersonell bedne om å vurdere tryggleiken i oppdrettsnæringa. Det kjem fram mange positive forhold, men samstundes finst det rom for forbetringar på ulike område.

Tilsette på anlegg og fartøy vurderer jamt over tryggleiksklimaet som godt, men samstundes oppgir dei belastingsskadar og akutte skadar som hovudårsaker til arbeidsrelatert fråvær og uro.

Dei vanlegaste ulukkestypane innan oppdrett er fall, å bli treft av eit objekt, å hekte seg fast, pluss kneskadar og kutt.

Utfordringar det blir peikt på er underbemanning, arbeidspress med lange arbeidsøkter under store operasjonar, mangelfull opplæring, manglande involvering av tilsette når nye prosedyrar blir forma ut og innførte, og dessutan nedprioritering av vedlikehaldsoppgåver.

<p>(©NPK)</p>

bent.tandstad@npk.noBilete: bj2Q8-SVZEABerre fiskarar har større risiko for å døy på jobben enn røktarar i oppdrettsnæringa, viser ei ny undersøking. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB/ NPK

Berre fiskarar har større risiko for å døy på jobben enn røktarar i oppdrettsnæringa, viser ei ny undersøking. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB/ NPK


Publisert: 24.11.2021 10:27

Sist oppdatert: 24.11.2021 10:28

Mer om