NPK-NTB: Det nærmar seg slutten for fasttelefonen, for no startar Telenor aktivt med utfasing av koparnettet. Og i delar av landet skal 3G-nettet bli skrudd av.
Koparnettet vert brukt til fasttelefoni og xDSL breiband. No satsar Telenor alt på fiber, skriv .
– I 2001 hadde vi rundt 2 millionar fasttelefonikundar, no er det 240.000 privatkundar igjen – og det er ein nedgang på 18 prosent i året på kopar, seier moderniseringsdirektør Arne Quist Christensen.
Opphavleg kunngjorde Telenor at koparnettet skulle leggjast ned for seks år sidan, men då var ikkje alternativa gode nok for alle. Det er dei no, skriv Nettavisen.
Ifølgje Telenor vil 15.000 kundar miste tilgangen til fastnettet i 2018 og 2019, og alternativet er fiber eller mobilløysingar.
Teleselskapet kjem også til å slutte å bruke 3G i 900 MHz-bandet, noko som i praksis betyr at 3G-nettet vert behalde i tettstadene, men ikkje langs vegane.
Ifølgje Telenors dekningsdirektør Bjørn Amundsen blir nesten ingen kundar bli råka.
– Det er veldig få som har telefonar som ikkje har støtte for dei rette frekvensane, og har dei det, så er det kanskje på tide å bytte, seier Amundsen.

Publisert: 13.06.2018 06:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38