Kort fortalt

Fastlåst kraftstrid

BKK og fylkeskommunen framleis usamde

20.06.2019
NPK: Striden mellom kraftselskapet BKK og Sogn og Fjordane fylkeskommune held fram. Dei har enno ikkje starta forhandlingane om Sogn og Fjordane Energi.
Usemja om eigarskap i Sogn og Fjordane Energi (SFE) held fram. Per i dag er BKK den nest største eigaren i selskapet med 36,8 prosent eigarskap, skriv . Den største eigaren er Sogn og Fjordane fylkeskommune, som eig 46,8 prosent gjennom Sogn og Fjordane Holding. BKK sitt krav om å få kraftverk i byte mot aksjar har vore omdiskutert i både Firda og tidlegare. Konsernsjef i BKK har tidlegare uttalt at dei held fram som dei nest største eigarane i selskapet.
– Slik vi vurderar det no er det framleis rett for BKK å vere ein aktiv eigar i selskapet slik vi kan halde fram med å samarbeide om gode energiløysingar på Vestlandet, seier konsernsjef Jannicke Hilland i ei pressemelding.
Ifølgje Hilland og BT har fylkeskommunen tilbode kraftverk og pengar for å kjøpe BKK ut av SFE. I ei fråsegn skriv fylkeskommunen at dei har sett på krava frå BKK som problematiske, og at det grunna usemje vart opna for forhandlingsmøte med mål om at BKK skulle heilt ut av SFE. Ei eventuell forhandlingsløysing skulle blitt lagt fram for fylkestinget. I fråsegna står det at dei reelle forhandlingane aldri kom i gang etter fleire utsettingar frå BKK.

Publisert: 20.06.2019 15:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34