Solstad Farstad tek to båtar ut av spoten i Nordsjøen etter at selskapet har fått kontraktar med E&P South Africa.
Kontraktane gjeld den åtte år gamle ankerhandlaren Normand Ranger og den fire år gamle PSV-en Far Sterling.
Dei to fartøya skal bistå det sør-afrikaske oljeselskapet sine boreoperasjonar i Blokk 11B/12B for ein brønn, med opsjon på ytterlegare ein brønn.
Arbeidet er forventa å starte i løpet av fjerde kvartal i år, og kontraktane vil vare rundt 90 dagar, pluss mobilisering og demobilisering.
Solstad Farstad-direktør Lars Peder Solstad er strålande nøgd.
- Dette er eit svært spennande prosjekt, og vi er glade for å verte valt av Total for å bistå selskapet i boreoperasjonane i dette fjerntliggjande og verharde området.

Publisert: 12.09.2018 14:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37