Kort fortalt

Felles kamp mot havplast

Stort offentleg-privat samarbeid.

04.07.2018
NPK-NTB: Det er starta eit offentleg-privat samarbeid for kartlegging av plast i havet. Statsminister Erna Solberg (H) var til stades då samarbeidet vart presentert.
Kunngjeringa fann stad på Kongsberg onsdag.
Havforskingsinstituttet, reiarlaget Torvald Klaveness, Kongsberg Gruppen og Rederiforbundet inngår i samarbeidet. Det dreier seg om eit pilotprosjekt for å kartleggje plast og ei rekke andre viktige miljøparameter ved helsa til havet.
Saman skal aktørane utstyre fleire fartøy med avansert utstyr for å samle inn data til Havforskingsinstituttet.
– Sensorar på skip gir oss tilgang til data frå enorme havområde og over store avstandar. Det vil kunne gi oss auka kunnskap om spreiing av mikroplast og dei miljømessige konsekvensane av dette, seier direktør Sissel Rogne ved Havforskingsinstituttet.

Publisert: 04.07.2018 17:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38