Kort fortalt

Felles mot marin forsøpling

Dei nordiske landa i front.

10.04.2019
NPK: Det er semje blant dei nordiske miljøministrane om å få på plass eit globalt rammeverk mot marin forsøpling.
Klima- og miljøminister Ola Elvestuen fremja initiativet under det nordiske ministermøtet i Reykjavik på Island og er glad for at kollegaane hans stiller seg bak forslaget.
Forslaget inneber at ein må gå inn for eit strengare globalt rammeverk mot marin forsøpling. Dei nordiske ministrane vil gi økonomisk støtte til å utarbeide ein nordisk rapport for å sjå på moglege element i ein ny global avtale om marin forsøpling.
Ministererklæringa blir mellom anna sendt til leiaren i FN sitt miljøprogram. Håpet er at fleire land skal kunne støtte arbeidet med å utarbeide eit globalt rammeverk.

Publisert: 10.04.2019 16:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35