Kort fortalt

Felles streikemarkeringar fredag

Markeringar i Ålesund, Molde og Ulsteinvik.

19.04.2023

LO opplyser at fredag vil det vere parallelle streikemarkeringar på rådhusplassen i Molde og Ålesund, samt på torget ved Ulstein rådhus.

1. nestleiar i LO Norge, Sissel M. Skoghaug vil delta med appell på markeringa i Molde, i tillegg vil det vere appellar frå LO og dei streikeuttekne forbunda på alle tre markeringane.

Fredag morgon klokka 06 er det nytt streikeuttak. Då vil ytterlegare rundt 25 bedrifter ha deler eller heile arbeidsstokken ute i streik.

Publisert: 19.04.2023 15:39

Sist oppdatert: 19.04.2023 15:40

Mer om