NPK: Da ein frukt- og grønsaksbonde skulle få ti arbeidarar frå Nav til gards, var det fem som ikkje dukka opp, og resten forsvann i løpet av dagen.
– Ho frå Nav var så sint og lei seg. Ho hadde førebudd dei så godt. No er det pensjonerte bønder som gjer jobben, svigers og vennene deira, seier grønsak- og fruktbonde Bernt Freberg til NRK.
På garden har dei fullt opp med å setje 7 millionar småplantar i jorda i tillegg til at dei har 22.000 epletre, bønner, blomkål og korn. I mangel på den faste arbeidskrafta frå utlandet, skulle ti arbeidstakarar frå Nav komme og hjelpe til på garden fredag førre veke. Fem av dei dukka ikkje opp, og resten forsvann i løpet av dagen.
Freberg har skrive 43 søknader om unntak frå innreiserestriksjonane tilpassa kvar utanlandsk person som brukar å jobbe for han på garden.
Regjeringa lova 40 millionar kroner i revidert statsbudsjett for at norske ungdom og arbeidslause skulle hjelpe til i landbruket, men det er ikkje nødvendigvis bra, erfarte gardbrukaren.
«Forestill deg at bedriften din omsetter for 40 millioner. Og så skal du bytte ut alle dine ansatte med ufaglærte som enten 1) maks kan jobbe 8–16 og ikke i helgene 2) er ungdommer hvis foreldre synes at burde få seg sommerjobb, eller 3) folk som egentlig ikke vil være i jobb fordi det er mer behagelig med dagpenger.», skreiv kona Christel Taranger Freberg i ei ytring etter opplevinga førre veke.
Bondelaget stadfestar overfor NRK at fleire bønder har hatt same type erfaringar.
Publisert: 19.05.2021 08:02
Sist oppdatert: 19.05.2021 08:03