Kort fortalt

Fem prosent ekstra for miljø

Elferjer kostar meir enn dieselferjer.

28.03.2019
NPK: Eit anbod med miljøvenlege ferjer kostar fem prosent meir for fylkeskommunane enn tradisjonelle dieselferjer, viser ein gjennomgang rådgivingsselskapet DNV GL har gjort.
– Kostnaden aukar med 5 prosent viss ein set krav om nullutslepp. Det høyrer ikkje så mykje ut, men det er 5 prosent på eit stort beløp, og i millionar kroner kan det bli ein del for fylkeskommunane. Då er det utfordrande å få plass til det i allereie tronge budsjett, seier Martin Wold i DNV GL.

Publisert: 28.03.2019 14:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35