Kort fortalt

Fem selskap har fått nær halve koronastøtta

Mykje kontantstøtte til hotell og reiarlag.

03.02.2021
(NPK-NTB): Rundt 2.800 bedrifter har så langt henta nesten 900 millionar kroner i kontantstøtte i samband med koronapandemien. Fem av dei har fått nesten halvparten.
Selskapa Oslo Plaza, Scandic, Hurtigruten, Color Line-gruppa og seismikkselskapet PGS har fått 402 millionar kroner – tilsvarande 46 prosent av tildelingane frå den nye kompensasjonsordninga, ifølgje .
Totalt har staten delt ut nesten 900 millionar kroner til rundt 2.800 bedrifter. Tildelingar frå den gamle ordninga er ikkje tekne med.
No tek SV til orde for å justere ordninga, slik at pengane i større grad blir kanaliserte til dei bedriftene som treng dei mest. Partiet vil dessutan setje maksgrensa for månadlege utbetalingar til 10 millionar kroner. For behov over dette er det meir formålstenleg med statlege lån, meiner partiet.
– I staden for å bruke pengar på selskap som vil klare seg greitt gjennom krisa, så vil vi innrette systemet slik at det reddar dei små og mellomstore bedriftene, seier SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes.
For få tilskot til å dekkje faste kostnader, må bedrifta mellom anna ha hatt eit omsetningsfall på 30 prosent, som hovudsakleg kjem av koronapandemien. Større omsetningsfall og jo større faste kostnader, gir altså høgare utbetalingar.
Kompensasjonsordninga varer ut februar, men regjeringa har varsla at ho vil forlengjast.
(©NPK)

Publisert: 03.02.2021 11:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23