NPK-NETT NO: Rundt 360 prosjekt fordelt på over 150 kommunar får i klimasats-støtte frå Miljødirektoratet. På lista er både små og store kommunar.
Miljødirektoratet fekk inn 574 søknadar til klimasats i 2019, ein stor auke frå dei tidlegare åra. Frå klimasats vart oppretta i 2016 til 2018 har støtteordninga mottatt mellom 300–350 søknadar i året.
– Klimasats-prosjekta gir utsleppskutt på kort og lang sikt, reinare luft, innovasjon og auka etterspørsel etter klimavenlege produkt og tenester. Dette ser kommunane, som har mobilisert skikkeleg i år, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Klimasats-støtta gir midlar til miljøretta prosjekt, og er eit verkemiddel frå staten for å få fleire klimatiltak i gang, og å få dei raskare ut i livet.
Regjeringa har sett av 200 millionar kroner til klimasats i budsjettet for 2019, i tillegg blir rundt 40 millionar frå tidlegare år delt ut.
På Nordvestlandet får Ørsta støtte til ei rekkje prosjekt. Mest går til miljøsatsing på barnehage og skule på Sæbø med tre millionar kroner. I tillegg får kommunen 375.000 til miljøsatsing skuleprosjekt i sentrum, 560.000 til ladepunkt for kommunale bilar, 225.000 kroner til ny symjehall og 150.000 kroner til rehabilitering av Daleveien 24.
Også Stranda kommune har fått god utteljing med ei løyving på to millionar kroner til kompetanseheving for miljøvenleg innkjøp, pluss 182.400 kroner til bruk av massivtre i offentlege bygg.
Ålesund får blant anna 900.000 kroner til betre buss-løysingar, medan det også er ytt støtte til prosjekt i Stordal, Ørskog, Eid, Selje og Gloppen, blant anna fleire tiltak som går på ladepunkt for elbilar.
Også fylkeskommuanne har fått støtte.
Her er heile oversikta:

Publisert: 26.06.2019 11:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33