Kort fortalt

Ferdig utbygd landstraum i Bergen

Men veit ikkje når cruiseskipa kjem.

NPK
30.04.2021

Bergen hamn har bygd ut landstraum til cruiseskip og fått støtte på 50 millionar frå Enova. No veit dei ikkje om det kjem nokon cruiseskip i år.

Onsdag var utbygginga av landstraum for cruiseskip på Bergen hamn klar. Enova har støtta prosjektet med 50 millionar kroner, skriv Skipsrevyen.

Til vanleg er hamna full av cruiseskip på denne tida av året, men i år er det ingen der. Bergen hamn veit så langt ikkje om det vil dukke opp nokon cruiseskip i år.

– Så langt veit vi ikkje om det kjem cruiseskip til Bergen i det heile i 2021. Mest sannsynleg er dei ikkje tilbake før i 2022, men vi veit ikkje enno, seier Astrid Tomassen i Bergen Havn til Skipsrevyen.

Til vanleg er det yrande liv rundt hamna. No ligg det tre skip frå Hurtigruten i opplag i Bergen hamn og fleire offshoreskip, som ventar på at styresmaktene skal opne opp for at dei kan segle igjen.

Publisert: 30.04.2021 19:33

Sist oppdatert: 30.04.2021 19:35

Mer om