Kort fortalt

Ferje konkurrerer med Ryfast

Vil spare på å ta ferja.

26.05.2023

Selskapet Fartøysdrift ønsker å setje 20-bilarsferja «Svelviksund» i drift i Høgsfjordsambandet til helga. Spesielt små bensin- og dieselbilar reiser rimelegare med ferja enn kva det kostar å køyre gjennom Ryfylketunnelen, skriv avisa Strandbuen.

Ferja vil koste 115 kroner, mot 171 for å køyre Ryfast, men dagleg leiar Hans Skaar i Fartøysdrift meiner at ikkje berre prisen tel.

- Vi må tilby noko anna, ein pause og ein kopp kaffe og ein tur på do, hyggjelege tilsette og utsikt.

Publisert: 26.05.2023 13:50

Sist oppdatert: 26.05.2023 13:50