NPK: Møre og Romsdal fylkeskommune har lyst ut ein anbodskonkurranse for dei fire ferjestrekningar på indre Sunnmøre.
Anboda gjeld fylkesvegferjesambanda Eidsdal–Linge, Stranda–Liabygda, Hundeidvik–Festøy og Sæbø–Leknes–Trandal–Strandal på indre Sunnmøre. Kontrakten for desse ferjesamband går ut i 31. desember 2019. Ein ny kontrakt vil gjelde frå 1. januar 2020 og fram til 31. desember 2033, opplyser fylkeskommunen på .
Det er Fjord1 som trafikkerer desse strekningane i dag. Møre og Romsdal fylkeskommune viser til at dei har ein pressa økonomi i åra som kjem.
– Det er derfor svært viktig at det er god konkurranse om kontraktane framover dersom fylkeskommunen skal kunne realisere gode løysingar innan ferjedrifta, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.
Fylkeskommunen skal ruste opp kaianlegga for at større ferjer skal kunne nytte kaiane. Det skal vere klart frå 2024. Samstundes blir ferjetilbodet på Eidsdal–Linge styrkt i sommarsesongen. I anbodet krev også fylkeskommunen at det skal bli sett inn heilt nye og større ferjer på sambanda Eidsdal–Linge og Stranda–Liabygda frå 2024.

Publisert: 11.07.2018 11:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38