Kort fortalt

Ferjetrafikken på 2019-nivå

Det viser ferske tal.

NPK
08.06.2022

Ferjetrafikken i Møre og Romsdal auke dei fire første månadene i år og er no på nivået frå 2019.

Dette går fram av statusrapporten, som samferdsleutvalet i fylkeskommunen får presentert på møtet sitt onsdag 15. juni.

Koronapandemien gjorde at trafikken med ferjene i fylket stupte. Men etter kvart som samfunnet fekk meir og meir kontroll på smitteutbrotet, kom dei reisande gradvis tilbake. No er ferjetrafikken omtrent på 2019-nivå, som blir rekna som eit normalår.

Regulariteten for fylkesvegs-ferjesambanda i dei første fire månadene i år var på 99,2 prosent, mean det var totalt 980 innstilte avgangar. 332 av desse skuldast tekniske problem, medan 648 avgangar i hovudsak skuldast dårleg ver og utfordringar med bemanning grunna covid-smitte blant mannskapet.

Desse sambanda er over på elektrisk framdrift: Aukra-Hollingsholmen, Hareid-Sulesund, Magerholm-Sykkylven, Arvika-Koparneset, Edøya-Sandvika og Seivika-Tømmervågen. Arbeidet med elektrifisering er i gang på strekninga Kvanne-Rykkjem.

Sambanda Sølsnes-Åfarnes, Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda skal etter planen skal vere elektrifiserte 1. januar 2023.

Forr hurtigbåtane er trafikktala for 2022 framleis låge målt mot normalåret 2019, men det er ei positiv utvikling i 2022 samanlikna med 2021.

Publisert: 08.06.2022 18:32

Sist oppdatert: 08.06.2022 18:33

Mer om