Kort fortalt

Fersk laks på båt til Europa

Millionstøtte til Smyril Line Cargo.

NPK
07.07.2021

Det danske selskapet Smyril Line Cargo ApS har fått 36,4 millionar kroner i støtte til sjøtransport av fersk laks frå Midt-Noreg til Europa.

Det fortel Kystverket, som forvaltar tilskotsordninga, i ei pressemelding.

Tilskotet inneber at den noverande pilotruta mellom Rørvik/Hitra i prosjektet «Lakseruta» blir gjort om til eit fast transporttilbod frå 1. oktober i år, heiter det.

Det betyr at nærmare 350.000 fersk fisk, frukt og grønt vil kunna flyttast frå veg til sjø i støtteperioden.

Selskapet DFDS Logistics AS får på si side 8 millionar frå same tilskotsordninga til prosjektet «Fra vei til sjø». Målet med prosjektet er å etablera ei ny såkalla ro-ro rute mellom Oslo og Hirtshals. Ifylgje selskapet betyr satsinga at 700.000 tonn kan flyttast frå veg til sjø i støtteperioden.

Publisert: 07.07.2021 15:31

Sist oppdatert: 07.07.2021 15:33

Mer om