Kort fortalt

FHI trur på reising i slutten av mai

Folkehelseinstituttet om grenseopning.

NPK
02.03.2021

(NPK-NTB): FHIs smitteverndirektør Geir Bukholm trur grensene kan opnast i slutten av mai når alle over 45 år etter planen har fått første dose med koronavaksine.

– Etter kvart vil ein opne grensene og få normalt turisttrafikk. Og alt som har med sosiale møte å gjere. Det kan skje i slutten av mai, utan at eg kan vere heilt sikker på det, seier Bukholm til VG.

Førebels er det største hinderet mangel på vaksinar.

– I mai og juni får vi dei store forsyningane. Det er nesten ei eksponentiell opptrapping. Frå å ha vaksinert ein relativt liten del, har vi plutseleg vaksinert nesten alle i løpet av to månader, seier han.

Utanlandsreiser har vore rådd mot sidan Noreg stengde ned i mars i fjor.

Publisert: 02.03.2021 12:01

Sist oppdatert: 02.03.2021 12:05

Mer om