Kort fortalt

Fiberutbygging kan gi gigantgevinst

Anslår samfunnsøkonomisk nytte på 75 mrd.

NPK
01.03.2022
(NPK): Ifølgje ein ny rapport vil utbygging av fibernett i heile landet gi ein gevinst på 75 milliardar kroner.

Framleis har mange i distrikta tregt internett. Ifølgje rapporten, som Samfunnsøkonomisk Analyse (SØA) har skrive på oppdrag frå KS, NHO, Nelfo og Abelia, vil det vere svært samfunnsøkonomisk lønnsamt å påskunde utbygginga av fibernett til heile landet, skriv Nationen.

Med dagens tempo vil 95 prosent av hushalda og bedriftene kunne ha internett på 1 gigabit (1000 megabit) per sekund innan 2035. Resten vil kunne få ein fart på 100 megabit same år.

Dersom ein legg opp til å nå det same innan 2025, vil det føre til ein vekst i fastlandsøkonomien på 75 milliardar meir enn veksten dagens politikk legg opp til. Å framskunde ei slik fiberbanddekning til 2025 vil koste staten totalt 4,7 milliardar.

I dag har 66 prosent av befolkninga i grisgrendte område høve til å abonnere på internett med minst 100 megabit per sekund, medan andelen er 96 prosent i tettbygde område. For næringsbygg er andelen 63 prosent i distrikta og 66 prosent der det er tettbygd.

Rolf Røtnes har leia arbeidet med rapporten og peikar på at økonomiske bidrag frå staten blir stadig viktigare for framdrift i breibandutbygginga.

– Så langt har utbygginga i all hovudsak skjedd ved hjelp av privat kapital og i kommersiell regi, med noko støtte frå staten til utbygging der det ikkje har vore kommersielt lønnsamt. Det har ført oss langt. Men frå no må den statlege innsatsen trappast opp om vi skal komme i mål. Dei områda som er igjen, har rett og slett for lange avstandar til utbygde område eller for låg befolkningstettleik til å vere kommersielt lønnsame, seier han.

(©NPK)

Publisert: 01.03.2022 10:27

Sist oppdatert: 01.03.2022 10:30

Mer om