Ålesund-selskapet LD Studio vart starta opp i 2019 av Ann Sylvia og Georg Deocariza. Dei flytta tilbake til heimbyen og ville skape sin eigen arbeidsplass etter å ha jobba fleire år i utlandet.
I 2020 etablerte dei eit kreativt studio i Nedre Strandgate i Ålesund, og seinare i Storgata i Kristiansund.
LD Studio tilbyr ei lang rekke tenester, som filmproduksjon, webdesign og innhaldsproduksjon.
I fjor sysselsette selskapet elleve årsverk, og er i ferd med å skalere opp aktiviten og talet på tilsette, ifølgje heimesida.
Den samla eigenkapitalen er på 0,2 millionar kroner, og den langsiktige gjelda null.
| LD Studio | |||
| Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
| Driftsinntekter | 4,6 | 3 | |
| Driftsresultat | 0,2 | 0,06 | |
| Resultat før skatt | 0,2 | 0,05 | |
Publisert: 21.04.2023 16:30
Sist oppdatert: 22.04.2023 03:39






